Logg inn

Logg inn her
Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Begravelse

Blomar er med på å skape ei vakker og verdig ramme rundt gravferda. Dessutan er ein personleg blomeoppsats ein veldig fin måte å sende ei siste helsing på.

Personleg blomehelsing til gravferda

Blomar har alltid hatt ei naturleg plass i gravferder. Dei seinare åra har det også blitt meir vanleg å skape blomeoppsatsar som til dels speglar den avdøde sin personlegdom. Både ulike blometypar, fargane på blomane og måten dei er satt saman på kan vere med på å formidle eit bodskap eller fortelje noko om det livet som er levd.

Likevel kan det vere vanskeleg å vite akkurat kva for blomar og blomeoppsatsar som egnar seg. Me i Flora blomster har lang erfaring med blomar til gravferder og me hjelper deg meir enn gjerne med å setje saman ei blomehelsing som uttrykker det du ynskjer å formidle.

Bårekransar, båredekorasjonar, bårebukettar og kistedekor

Til tross for at normene for kvite blomar og oppsatsar som egnar seg i ei gravferd har endra seg, er det framleis dei tradisjonelle blomeoppsatsane me sel mest av.

Me kan tilby både bårebukettar og båredekorasjonar, bårekransar og kistedekorasjonar i alle variantar.

Bestill blomar til gravferda her på nett, eller kontakt oss, så hjelper me deg med å setje saman ei flott blomehelsing til gravferda.

Hvor skal blomstene?

Skriv inn postnummer eller telefonnummer til mottaker, så viser vi deg hva vi kan levere.